Ta kontakt


Kort og presist - fremhev hovedpunktene.

 
 
 
 

Litt om oss

Joker Vatlandsvåg er ein daglegvarebutikk på Kloppå. 

(Kloppå kjem av ordet Klopp,som er ei lita bru over ei elv.) Kloppå er eit nes i Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya i Suldal Kommune.


På Kloppå har det vore daglegvarebutikk som handelslag sidan 1921. I 1999 vart dagens butikk bygd. I 2005 starta dagens lokale eigerar opp drifta som private kjøpmenn. 

Helge Naustvik er kjøpmann. Han får hjelp av mange gode ansatte.

I frå ungdomsskulealder, unge voksne, til pensjonistar

Viktig for lokalsamfunnet

Butikken er viktig for bygda og bygda er viktig for oss!

Me har mange ungdommar som har sin første jobb hjå oss.

Me leverer varer heim, eller hjelp til med å pakke varene. Me fungerer som turistinformasjon, "psykolog" og "helsehus."

Akkurat slik den lokale butikken skal vere...


Butikken er den einaste daglegvarebutikken på Ropeidhalvøya. 

Me er ein god møteplass for både fastbuande, hyttegjester og ferierande. 

  • Me tilbyr eit godt utval i daglegvarer, med både nettbutikk og varelevering. Throw No More og Too Good To Go. 
  • Utanfor butikken har me båthamn, drivstoff og eit servicebygg med toalett, dusj og vaskemaskin. 
  • Elles er me forhandlar for Felleskjøpet og har kraftfor, gjødsel, dyrefor m.m. Me har sesongvarer som plantejord, blomar frå Gard Gartneri på Talgje. Me har kuleis og Slurp. 
  • På sommaren arrangerer me Halvøydagen, og før jul har med Julegateopning. 

Halvøydagen

Halvøydagen vert arrangert kvar sommar med leiker, aktivitetar og salsboder. I tillegg stiller Alsaker Laks opp med gratis laksetallerken. Arrangementet er ope for alle!