Butikken

Joker Vatlandsvåg er ein velfylt og passe stor daglegvarebutikk med godt vareutval.

Me får ferske brød frå Bakehuset i Haugesund kvar morgon. Me steiker rundstykke, brød, wienerbrød og boller sjølv i butikken.

Frukt og grønnsaker får me frå Bama. Jordbæra kjem sjølvsagt frå Jelsa! (når det er sesong)


Me har og mange tilleggs-tenestar og produkt som du ofte treng!

  • Kortpumpe drivstoff med bensin, diesel og anleggsdiesel (båt og traktor)
  • Sommarblomar frå Gard Gartneri, plantejord, dekkbark m.m.
  • Gjødsel, kraftfor, ensilering og plantevern frå Felleskjøpet
  • Kuleis og milkshake (om sommaren)
  • Norsk Tipping, pakkeutlevering Posten, Postnord pakkeleveringsstad
  • Nettbutikk og varelevering

Joker nettbutikk

  • Hjå oss kan du bestille varer for henting i butikk, eller levert heim på døra.
  • Prisar for bestilling og henting i butikk er 59,- u. 1000,- og gratis for bestilling over 1000, - kr.
  • Levering av varer kostar 89,- u. 1000,- og 69,- for bestilling o. 1000,- kr. 
  • Leveringsområdet er på Ropeidhalvøya med postadresse 4235 Hebnes.
  • Korleis fungerer nettbutikken?

Å gjere handelen på nett er enkelt og sikkert. systemet er utarbeida av Norgesgruppen og blir brukt av både Meny, Spar og Joker.

NB: me anbefaler deg å benytte Google Chrome eller Safari som nettleser på PC, ikkje Internett Explorer. Er du Trumf-medlem logg inn på joker.no – då får du ein personalisert handleopplevelse. Logg inn med telefonnummer eller kundenummer og ditt personlege passord.

Plukk varer fritt frå vårt sortiment, velg når du ynskjer varene levert heim eller når du ynskjer å hente dei.

  • Prisar, betaling og sikkerhet

Du betaler med bankkortet når du bestiller, men kontoen blir ikkje belasta før varene er plukka og pakka. Slik er du sikra at du ikkje betaler for mykje.

  • Heimlevering

Har du valgt heimlevering får du ein SMS frå oss ca 15 minutt før sjåførens ankomst. Sjåføren ber varene heilt til døra. Vår transport sikrar ein ubrutt kjøle- og frysekjede slik at varene har beste kvalitet når dei blir levert til deg.

Kakebutikk.no

  • kakebutikk.no er ein bestillingsteneste av kaker på nett som er eit samarbeid mellom Joker og Bakehuset. Du kan velje kaker blant heile utvalet til Bakehuset og hentar den hjå oss. Bestilling må gjerast ein til to dagar før levering. Sjå kakebutikk.no for bestillingsfristar!